Det har vore dårleg med oppdateringar her denne hausten. Facebook har gjort sitt til at blogging har blitt nedprioritert. Ei periode hadde eg mest gløymt at denne sida eksisterer. Så kan det vel ha noko å seie at eg ikkje lenger går på GUS (Gå Ut Senteret), der vi faktisk hadde i lekse å blogge. No driv eg med andre ting; jobbar som eittåring i kyrkja, der eg gjer alt anna en blogging. Konfirmantarbeid, barnearbeid, held andakter, KRIK lokallag, skodespel og andre morosame arrangement! Veldig annleis enn noko eg har gjort tidlegare, men veldig lærerikt.
Jula blir nok fin. Det blir den alltid. Men eg har gleda meg ekstra til årets julefeiring, ettersom eg var bortreist i fjor. Senegal er vel og bra, men når det kjem til juletradisjonar er vi nordmenn ganske seige, er vi ikkje? I alle fall eg likar best å ha det slik "det alltid har vore". Men det blir vel aldri det same som "det alltid har vore", ettersom det har blitt eit brot i min tradisjon. Eg kjem aldri til å gløyme korleis det var i fjor. På dagsenteret med alle misjonærane, gudstenesten som byrja ein time for seint, plastikstolane vi sat på, som alltid blei teke fram i spesielle anledningar, barnekoret, Ibo, kyllingen og det store fatet med ris. Den muslimske hushjelpa vår som var med på julegudstenesten, den eine gongen i året. Teamet som prøvde å lage ei koslege jul saman, til tross for bolledeiga med makk og biller.








